Du kan bla til neste sideBla med piltastene

22 år sidan så få søkte asyl i Noreg

LÅGT: Det kom 982 asylsøkarar til Noreg første halvår i år. Ikkje sidan 1997 har tala vore så låge i første halvår. Pilene peikar framleis nedover for asyltilstrøyminga. Første halvår i år har det vore ein nedgang på 13 prosent i talet på asylsøknader til Utlendingsdirektoratet (UDI). Den største gruppa kjem i år frå Syria, deretter er Tyrkia og Eritrea på plassane under, viser halvårsstatistikken til Utlendingsdirektoratet (UDI). Totalt er det komme borgarar frå rundt 80 ulike land. Rundt 267 av asylsøkarane i år er barn og unge under 18 år. Av desse oppgav 65 av dei at dei er einslege mindreårige. Ved utgangen av juni budde det 3055 personar på asylmottak. ©NPK