Mange slit med angst. Samstundes er det noko forløysande komisk i å høyra ordet «angst» gong på gong, synest Lukas Moodysson.
– Det er fullt mogleg å vera både snill og sympatisk og frustrerande irriterande, hevdar ein oppstemt Lukas Moodysson, når Klassekampen slår av ein telefonprat med filmregissøren som no debuterer som «serieskapar».