Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lukas Moodysson debuterer som tv-regissør med dramakomedien «Gösta», om ein ung barnepsykolog med ei ekstra, lun dyne til alle.

Moodysson lagar «dyne-tv»

FORLØYSING MED TV-SERIE: Lukas Moodysson ser gjennom opptaka sine på settet til «Gösta». – Eg er nøgd med korleis eg har fått til blandinga av komedie og tragedie i dette formatet, seier han. ALLE FOTO: HBO NORDIC

Mange slit med angst. Samstundes er det noko forløysande komisk i å høyra ordet «angst» gong på gong, synest Lukas Moodysson.

– Det er fullt mogleg å vera både snill og sympatisk og frustrerande irriterande, hevdar ein oppstemt Lukas Moodysson, når Klassekampen slår av ein telefonprat med filmregissøren som no debuterer som «serieskapar».