Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Venstresida

Tenner på tanken

SV opnar for forpliktande samarbeid med Raudt i 2021:

POSITIV: SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes (t.h.) kallar Manifests forslag om forpliktande samarbeid med Raudt, konstruktivt. Men før vidare diskusjonar, skal SV vinna lokalvalet. Her saman med partileiar Audun Lysbakken i fiskebåthamna i Tromsø. FOTO: OLE MAGNUS RAPP Ole Magnus Rapp

– Eg synst det er eit konstruktivt forslag. Det er mange berøringspunkt mellom SV og Raudt, seier nestleiar i SV Torgeir Knag Fylkesnes.

Det var i Klassekampen i går leiar for venstresidas tankesmie Manifest Magnus Marsdal tok til orde for eit tettare samarbeid mellom SV og Raudt.

Dei to partia bør inngå ein forpliktande avtale før neste stortingsval, rår Marsdal til.

Historisk

Sjølv om SV-nestleiaren er positiv til initiativet, understrekar han at det er alt for tidleg å slå fast om det faktisk blir aktuelt.

– Fyrst skal me vinna kommunevalet.

– Men det er ein diskusjon du vil ta med vidare?

– Etter valet begynner den store jobben mot 2021. Då skal me i partiet diskutera alliansebygging og kva politiske krav me går inn i kampen med, seier Fylkesnes.

Sjølv om standpunkta til SV og Raudt på fleire område er nokså like, har det tradisjonelt vore stor rivalisering mellom partia. At leiinga i begge parti no opnar for eit samarbeid, er det derfor eit gjennombrot.

SV-nestor Stein Ørnhøi meiner det er på høg tid med tettare samarbeid på venstresida.

– Eg synst dette er strålande. Eg skulle gjerne sett det var komme endå lengre. Det er ei historisk moglegheit til å reorganisere det norske veljarkorpset. Det er tre parti i framgang som beiter på det same politiske feltet, seier han.

Ørnhøi meiner at også MDG må inn i folden:

– Det er tre parti det handlar om, ikkje to, seier han.

Meiner SV har nøkkelrolle

Fylkesnes meiner SV har ei nøkkelrolle på venstresida.

– Me er ein slags brubyggar på venstresida. Me vil ha eit godt samarbeid med Rødt, MDG, Sp og Ap.

– Er du einig i analysen til Manifest om at venstresida har eit større potensial enn partia får fram?

– Valet i 2017 viste at det var fleirtal i befolkninga for eit skifte, men på grunn av at me er så mange parti på venstresida og ikkje alle kom over sperregrense, kunne Erna Solberg fortsette. Det er eit stort problem, seier han.

– Samarbeida for å få ei slagkraftig venstreside er ekstremt viktig viss du skal vinna val, seier han.

Fylkesnes meiner SV og Raudt særleg står nær kvarandre i foreldingsspørsmål, spørsmål om makt i arbeidslivet og skatt, men opplever at klima i mindre grad er ei hjartesak i Raudt enn SV.

– Kvar er skiljet støst?

– I synet på makt. Me er eit parti som ønsker å samarbeida for å komma i posisjon og gjennomføra politikken vår.

– Men vil ikkje eit tettare samarbeid gjera det vanskelegare å framheva sitt eige parti. Det er jo ein konkurranse på venstresida, så lenge ein stiller som forskjellige parti?

– Djupast sett så er det viktigaste at me får Frp ut av regjeringskontora i 2021. Me må aldri hamna der at eigen framgang er viktigare enn å vinna kampen mot høgresida.

Heiar på samarbeid

Også tidlegare SV-nestleiar Snorre Valen er positiv.

– Eg synst norsk venstreside og norsk miljørørsle bør ta på alvor at me manglar store heilskaplege alternativ som folk kan stemma på, seier han, som er glad for at Manifest sparkar opp ballen.

– Dette er ein veldig viktig diskusjon, så finst det masse innvendingar og mange reelle politiske forskjellar.

Men det er ei grunnleggande kjerne i botn, seier Valen, som også ser MDG som ein del av venstresida.

– Det er lurt av SV, Rødt og MDG vera så samkøyrde som mogleg.

Sam­ar­bei­der i Trond­heim

Astrid Kjelsnes frå Trøndelag sit i landsstyret til SV. Også ho er positiv til eit tettare samarbeid mellom SV og Raudt.

– I Trondheim har me alt eit samarbeid med Rødt i bystyret. Det er viktig at alle på venstresida står saman mot høgrekreftene, seier ho.

– Så dette er ein diskusjon du vil gå vidare med nasjonalt?

– Ja. Men det må vera ein brei situasjon, som må basera seg på dei sosiale rørslene. SV og Raudt er ikkje mål i seg sjølv, men middel for dei sosiale rørslene som vil ha endringar i samfunnet.

Hege Lothe er fylkesleiar for Vestland SV og sit i landsstyret.

Ho innrømmer at tankane no er på å vinna lokalvalet i september, men ho er positiv til å ta debatten opp att til hausten.

– SV vil gjerne ha gjennomslag for våre saker, og i mange saker er me einige med Raudt. Då tenker eg at dette er noko å drøfta, seier ho.

Steinar Nøstebø er leiar for SV i Bergen. Han har tidlegare vore medlem i RV og leiar for RV i Hordaland og Bergen.

Også han er open for diskusjonar om kva som kan gjera venstresida meir slagkraft.

– Prinsipielt meiner eg at partia er reiskap, ikkje målet, seier han.

Han ser samstundes eit par humpar i vegen og trur det kan bli krevjande.

– Det er ein del utfordringar knytt til eit slikt samarbeid. For det fyrste er det litt uklart for meg kva konkret form dette skal få, seier han.