Den tyske journalisten Kai Strittmatter er sjokkert over debatten rundt «Ways of Seeing». – Eit lærestykke om trugsmål mot demokratiet, meiner han.
– Eg er overraska over kor langt ytre høgre i Norden har greidd å forskyva den politiske normalen i si lei, seier Kai Strittmatter, Skandinavia-korrespondent i Süddeutsche Zeitung.
– For meg har norske hovudstraumsmedia si dekking av dramaet rundt «Ways of Seeing» vore ein augneopnar i så måte.
Den tyske utanriksjournalisten var ein av debattantane då «Kunst under press» stod på plakaten under Heddadagene i Oslo denne helga.
Heddadagene summerer opp det norske teateråret, og det internasjonale debattpanelet tok utgangspunkt i «Ways of Seeing» som eit av fleire døme på at dei kunstnariske ytringsromma blir trongare i heile Europa.
– Stykket er i seg sjølv interessant, og den politiske thrilleren kring justisministeren er unik i europeisk samanheng. Men måten både statsministeren og media handterte begge saker på, er ikkje mindre enn eit lærestykke om trugsmål mot demokratiet, hevdar Strittmatter.
Ser Norden frå Kina
Det er ikkje berre frå eit tysk perspektiv han finn den norske ytringsfridomskontroversen oppsiktsvekkjande. Før Kai Strittmatter busette seg i Danmark i desember 2018, hadde han i drygt tjue år budd utanfor Europa, hovudsakleg som Süddeutsche Zeitungs korrespondent i Tyrkia og Kina. Han har også skrive ei velrenommert bok om utforminga av overvakingssamfunnet under Xi Jinping, motivert av korleis autokratiske trekk har vorte meir tydelege også i Vesten etter valet av Donald Trump til USAs president i 2016.
Flyttinga til Norden baud på fleire overraskingar. Nokre av dei gav eit attkjennelege ekko av ein ny og mindre demokratisk dagsorden.
«For ein tysk journalist er eit opplagt spørsmål om det eg ser her, også er framtida i Tyskland»
— KAI STRITTMATTER, JOURNALIST I SÜDDEUTSCHE ZEITUNG
– Eg var faktisk i Oslo den 28. mars, då PST endra Laila Anita Bertheussens status frå fornærma til mistenkt i alle tilfella av trugsmål og hærverk mot eigen bustad. Same dag gjekk også Tor Mikkel Wara ut av regjeringa.
Det største vendepunktet for Strittmatter var ikkje den sensasjonelle avsløringa av sambuaren til justisministeren – som sjølv hadde politimeldt kunstnarane bak «Ways of Seeing» for brot på privatlivets fred – men korleis avsløringa vart dekt i media dagen etter.
– Saka likna ei kriminalforteljing der løysinga til slutt viser seg å vera ei anna enn kva folk har trudd undervegs. Gjennom alle månadane med uvisse har kunstnarane bak teaterstykket «Ways of Seeing» levd med skuldingar mot seg, med trugsmål og redsle. Då kunne ein venta at dei ville bli offentleg reinvaska den 29. mars, og at mange ville vakna med ei kjensle av skam og kjenne trong til å koma orsakingar til kunstnarane.
Dét var likevel ikkje hovudinntrykket. Framsida på VG hadde eit portrett av Tor Mikkel Wara og sitatet «Tøft for min lille familie». Nettutgåva til avisa hadde saker som skrytte av Waras innsats som justisminister og omtalte saka som ein familietragedie.
– Offerforteljinga vart vidareført sjølv etter at saka var snudd opp ned! Det fekk meg til å tenkja over kor vanskeleg det er å endra ei politisk forteljing med faktaopplysingar, når ei slik forteljing først har sett seg.
Endra offentlegheit
Strittmatter tolkar norske media si vidareføring av offerforteljinga som eit uttrykk for at høgrepopulistane har endra offentlegheita i Noreg. Han viser òg til NRKs rapportering den 29. mars, der vinklinga i radio og på nett var «Kunstnere bak ‘Ways of Seeing’ får 2,7 millioner i stipend».
Saka om kunstnarstipenda frå Kulturrådet vart same dag følgt opp av eit intervju med Frps Christian Tybring-Gjedde, som vart sitert på at «ingen bør få offentlig støtte for å spre hat».
– Eit av dei første og viktigaste kjenneteikna ved framveksten av ytre høgre er at dei okkuperer språket og skaper ny røynd. Det er kva George Orwell kalla nytale. Grensene for tabu blir flytta, og det som før var den politiske norma, blir gradvis ytre venstre i politikken, seier Strittmatter.
– For at demokratiet ikkje skal bli redusert til eit reint «talspel», der det berre gjeld å få fleirtal, er det avgjerande at media held oppe ei sams, offentleg plattform for sanning og røynd.
Strittmatter påpeiker at Noreg sjølvsagt er «lysår» frå den politiske situasjonen i Kina, og at det også er positive sider ved Bertheussen-saka, ikkje minst at PST faktisk arresterte og sikta sambuaren til justisministeren.
– Byrjar i det små
– Det er likevel viktig å hugsa at autokratiske endringar av samfunnet byrjar i det små. Kanskje kunne ikkje Erna Solbergs opne åtak på ytringsfridomen til teaterkunstnarane vore mogleg i Noreg for 20 år sidan?
Kai Strittmatter ser Bertheussen-saka og media si isolering av kunstnarane bak «Ways of Seeing» i lys av det endra politiske landskapet i heile Norden:
– Høgrepopulistiske parti har anten kome i regjeringsposisjon eller vore garantistar for borgarlege regjeringar i både Finland, Noreg og Danmark. Her skil Norden seg frå Tyskland, der Alternative für Deutschland (tysk høgrenasjonalistisk parti, red.anm.) ikkje har fått slik parlamentarisk makt – inntil vidare. For ein tysk journalist er eit opplagt spørsmål om det eg ser her, også er framtida i Tyskland.