Viss ein vil søka Fylkesmannen om å få registrert eit religionssamfunn, må ein legga ved trusvedkjenning og lære som fyrste punkt etter namn og adresse. Det heiter forresten heller ikkje å registrera ein religion eller eit religionssamfunn, men eit «trudoms- eller livssynssamfunn», slik Lov om trudomssamfunn og ymist anna slår fast. Tru er altså temmeleg aksiomatisk i norsk lov- og regelverk – trua blir forstått som sjølvinnlysande grunnlag for religion, som noko ein ikkje treng forklara nærmare. «Trudomssamfunn» er heller ikkje definert i lovverket.
Lars Gule, Eivor Oftestad, Anne Kalvig og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.