DEMO: Mange hundre pensjonistar demonstrerte i går framfor Stortinget med krav om forhandlingsrett og ei kjøpekraftutvikling på linje med andre grupper. – No vil vi ha den same utviklinga og kjøpekrafta som dei yrkesaktive får, sa leiar Jan Davidsen i Pensjonistforbundet i appellen sin. Pensjonistforbundet protesterte mot resultatet av trygdeoppgjeret dei siste fem åra. Forbundet krev å få tilbake forhandlingsretten på løpande pensjon frå folketrygda, at pensjonistane må få ein inntektsvekst om lag på linje med lønnsmottakarar, og at resultatet av trygdeoppgjeret må godkjennast av Stortinget. ©NPK