«Hev de den rette angeren, folk?» Slik spør Paulus Hove i Arne Garborgs «Læraren». Med Luther innanbords er klimadebatten til å kjenne att, men andre kan trenge å repetere. Den «rette angeren» gjeld ikkje berre ein tilgjeveleg feil, men å erkjenne heile si synd i age for den heilage Gud. Fordi Kristus bar all verdas synder, kan vi sleppe å bera våre (og alles). Vi kan forbetre verda med Gudsfrykt og nøysemd, i teneste for nesten og Han som «fyller alt i alle» – det kosmiske vi kallar Pinse. Med miljøspråk, vi blir «del av løysinga, ikkje problemet», om enn i stadig strid med synda i og omkring oss. Ja, i løynd må vi vedgå: Angeren er ikkje alltid så sterk, for vi trivst i grunnen med synda.
En tidlegare versjon av denne teksten er publisert i Bondevennen nr. 16, 10. mai.