Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sp vil ha vetorett til kommunane

VETO: Norske kommunar bør få vetorett ved utbygging av vindkraft, meiner Sps Sandra Borch. – Vi vil legge fram forslag i Stortinget om at konsesjon ikkje kan bli gitt i strid med kommunestyrevedtak. Kommunane må få vetorett. Vi kan ikkje pålegge nokon å bygge vindmøllar der det ikkje er lokal aksept for det, seier ho. Ho viser til at fleire store utbyggingar har skapt lokal motstand og meiner det er viktig for framtidige vindkraftutbyggingar at dei er i tråd med lokale ønske. – Vi ser at det ofte kan vere interessekonflikt mellom vindkraft og naturinteresser. For Sp er det derfor viktig at utbyggingar er i tråd med lokale ønske og vedtak, seier Borch. ©NPK