GRANSKING: EØS-organet Esa ber Norge gjera greie for fleire forhold i konsesjonsregelverket som sikrar offentleg eigarskap til vasskrafta.
Reglar som sikrar offentleg eigarskap til vasskrafta har lange tradisjonar i Norge. No legg EØS-organet Esa i Brussel igjen det norske systemet under lupa. I eit brev til Olje- og energidepartementet krev dei fleire svar om både tildeling og fornying av norske vasskraftkonsesjonar.