Malgorzata Szumowska er ein av Polens mest observante samtidsregissørar, med ei stigande stjerne i europeisk film. Sjølv presenterer ho i desse dagar sin nyaste film i Cannes, medan norsk kinopublikum bør nytta ein sjeldan sjanse til å sjå hennar førre, «Ansiktet», som vann juryprisen i Berlin i fjor. Den satiriske forteljinga er skapt lik ein lauk. Dei skinande, nasjonale og katolske dygdene på utsida blir skrelte vekk, og ei mindre ideell røynd blir avdekt lag på lag, heilt til vi står att med eit sårt, allmenngyldig drama i midten.