Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ny leiar for LO i Bergen og omland

SJEF: Fauzia Hussain-Wiik er ny leiar for LO i Bergen og omland. Ho rykker opp i sjefsstolen etter å ha vore nestleiar i LO i Bergen og omland. Hussain-Wiik er til dagleg leiar for Fagforbundet Helse Bergen. 39-åringen har i mange år jobba med dokumentasjon og arkiv i Oslo kommune og på Haukeland sjukehus i Bergen. Hussain-Wiik er medlem i Arbeidarpartiet. Atle Rasmussen frå Elektroarbeidernes Forening er ny nestleiar i LO i Bergen og Omland, mens Jorge Dahl er nytt medlem i arbeidsutvalet. No står 1. mai for tur. Hovudparolen i år rettar seg inn mot kommunevalet med «Vel fellesskap – stem raudgrønt», fortel Hussain-Wiik. AKH