I snart ti år har miljørørsla, fiskeriorganisasjonar, reindrifta, samiske organisasjonar og mange fleire kjempa for å hindre noregshistorias verste planlagde forureining i Repparfjorden. Like lenge har mange etterlyst eit engasjement frå Klassekampen i saka. Vi forventa sjølvsagt at avisa skulle engasjere seg for naturen, fisken og reindrifta – mot gruveplanen. Vi ventar framleis. I mesteparten av denne tida har avisa vore fullstendig taus om saka, men til slutt blei motstanden mot Nussir-gruva så stor at det ikkje lenger var mogleg å oversjå saka.
Er Kvalsund for gruvedrift?
DebattRepparfjorden