Makteslaust demokrati er eksplosivt.
(En Guerre, Frankrike, 2018)
Regi: Stéphane Brizé.
Manus: Ralph Blindauer, Stéphane Brizé, Olivier Gorce, Olivier Lemaire, Xavier Mathieu.
Med: Vincent Lindon, Mélanie Rover, Jacques Borderie, Olivier Lemaire.
Lengde: 1 t. 53 min.
I «Fransk opprør» kan vi sjå attkjennelege bilde av opphissa, streikande arbeidsfolk som veltar ein bil i Paris’ gater. Ut av bilen kryp ein skremd og forslått tysk konsernsjef som nett har avgjort at arbeidsplassane til franskmennene skal leggast ned. Det ser avskrekkande ut, ikkje minst i filmens reproduserte tv-reportasje. Korleis kan nokon forhandla med folk som opptrer slik? Er ikkje vald uakseptabelt i eit demokrati med regulert arbeidsliv? Bør ikkje folk slutta å aksjonera, før arbeidsgjevarane og staten kan gå i dialog med dei? Spørsmåla er jamt oppe til debatt i Frankrike. Mange av dei er nyleg aktualiserte av Emmanuel Macrons respons på dei gule vestane, eit opprør denne 2018-filmen – på nokre vis – er eit forvarsel om.