Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tv viser vald i franske gater, men sosial vald blir også vedteke i lukka styrerom.

Valdelege vedtak

ARBEIDSKAMP PÅ FRANSK: Vincent Lindon spelar klubbleiaren som gjer kampen for lokale arbeidsplassar til ein strid som utfordrar systemet. FOTO: TOUR DE FORCE Non affectÈ

Makteslaust demokrati er eksplosivt.

(En Guerre, Frankrike, 2018)

Regi: Stéphane Brizé.

Manus: Ralph Blindauer, Stéphane Brizé, Olivier Gorce, Olivier Lemaire, Xavier Mathieu.

Med: Vincent Lindon, Mélanie Rover, Jacques Borderie, Olivier Lemaire.

Lengde: 1 t. 53 min.

I «Fransk opprør» kan vi sjå attkjennelege bilde av opphissa, streikande arbeidsfolk som veltar ein bil i Paris’ gater. Ut av bilen kryp ein skremd og forslått tysk konsernsjef som nett har avgjort at arbeidsplassane til franskmennene skal leggast ned. Det ser avskrekkande ut, ikkje minst i filmens reproduserte tv-reportasje. Korleis kan nokon forhandla med folk som opptrer slik? Er ikkje vald uakseptabelt i eit demokrati med regulert arbeidsliv? Bør ikkje folk slutta å aksjonera, før arbeidsgjevarane og staten kan gå i dialog med dei? Spørsmåla er jamt oppe til debatt i Frankrike. Mange av dei er nyleg aktualiserte av Emmanuel Macrons respons på dei gule vestane, eit opprør denne 2018-filmen – på nokre vis – er eit forvarsel om.