Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi kan bli binda til EUs klimamål

KLIMA: Noreg vil formelt binde seg til EUs mål for kutt i klimagassutslepp. EUs klimakuttmål er 40 prosent fram til 2030 samanlikna med nivået i 1990. Nøyaktig kvar klimakutta skal takast, vil Noreg avgjere sjølv gjennom ein avtaleperiode frå 2021 til 2030, opplyser klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) til Dagens Næringsliv. Om EU aukar kutta, må Noreg følgje med. Og dersom Noreg ikkje når utsleppa, risikerer Noreg straff i form av krav om ekstra utsleppskutt, skriv avisa. Island blir også med på å formelt binde seg til EU-måla. Saman skal landa spele inn for EUs organ. I tillegg må forslaget godkjennast av Stortinget.©NPK