Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sykkelen

  • Der eg vaks opp på Hop sør for Bergen var eit lite sauebruk næraste nabo. Innmarka låg rett utanfor hagegjerdet vårt og om våren og hausten beita sauane og lamma der. Om somrane fekk heimebøen vekse i fred, og om vi ungane forvilla oss ut i det høgreiste graset, fekk vi høyre det frå bonden sjølv, som frå altanen i huset sitt hadde fritt utsyn til enga.