Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om pølser og politikk.

Pølsefest

Då eg var yngre, trudde eg ikkje at politikk blir utøvd ved hjelp av kjønnsorgan. Herregud, så naiv eg var. Det siste året har jo vist at norsk politikk er ein intrigepøl som får «Paradise Hotel» til å framstå som søndagsandakta. Eg har innsett at Storting og regjering i praksis er ein slags vaksen-SFO for diverse overgriparar og trakassørar. Gløym det du las i skulebøkene om den lovgjevande og utøvande forsamling.