Humoristisk og velspela om motgang og kjærleik.
Turnéteatret i Trøndelag, Verdal
Av: Olav Duun.
Dramatisering og regi: Otto Homlung.
Musikk: Asgeir Skrove.
Lysdesign: Simen Høy Aasheim.
Med: Emilie Mordal og Kristoffer Hjulstad.
I løpet av halvtanna år har Otto Homlung dramatisert og sett opp tre av Olav Duuns mindre kjente romanar for Turnéteatret i Trøndelag. «Hilderøya» frå 1912 var ei uferdig historie, men gjennom «På tvert» frå 1909 og «Gud smiler» frå 1935 har Homlung synt at fordommane vi ofte har mot Duun som tung og språkleg utilgjengeleg, er heilt feil. «Gud smiler», som hadde premiere tysdag, er blitt ein humoristisk, leiken, poetisk og vakker lita kjærleikshistorie. Alle dei tre produksjonane er forsiktig dramatisert forteljarteater med berre to skodespelarar og nesten fri for scenografi og rekvisittar. I staden har diskré lyssetting av Simen Høy Aasheim og vakker musikk av Asgeir Skrove sett dei ulike stemningane, og det har fungert framifrå, kanskje spesielt godt i «Gud smiler».