Du kan bla til neste sideBla med piltastene

På 1920-talet budde sylvrevtispa i ei lita hytte med ein gard på 206 kvadratmeter. Kva har skjedd med pelsdyrnæringa?

Då mor og far dreiv revefarm

Heime var blant dei aller første i Hol som begynte med reveavl. Røvsgarden bygde dei oppi skogkanten ova Sisselhalle, eit godt stykke frå der folk budde. Garden for røvstispa var 12 x 18 meter. Kring garden var netting grave ned i jorda ein meter og dertil 50 cm innover att. Gardane var fire meter høge med netting innover att ein meter på toppen. Garden for røvshannen var 12 x 3 meter. Mellom gardane var det ein gang, to meter brei. Noko heilt spesielt var bura, særleg for tispa. Det såg ut som ei lita hytte, inngangsdøra var omtrent på mannshøgd! Inne her var «soverommet» plassert midt på golvet, ei firkanta kasse. Ut frå «storstugu» var det ein tut eller kanal fram til «forstugu». Denne gang-kanalen og opninga til «soverommet» måtte vera plassert slik at det hindra trekk der kvelpane skulle liggje! Alt var laga av høvla materialar. Bygdesnikkar Lars Seim snikkerte alle bura og brukte bryggarhuset heime som verkstad.