Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kritikken mot Forfatterforeninga er på ville vegar.

Dei einaste som ikkje får lov til å vurdere kvalitet, er forfattarane

ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Ein diskusjon i det såkalla fredagspanelet i NRK P2 fredag 8. februar etterlét meg i ei nokså oppgitt morgonstemning. To av dei tre deltakarane i panelet meinte det var forkasteleg at Den norske Forfatterforening stiller krav til litterær kvalitet i bøkene til dei som søker medlemskap. Kravet er som kjent at ein må ha gitt ut minst to bøker og at minst ei har litterær kvalitet. Dette fann panelet var for mykje forlangt. Forfatterforeninga hadde drede på draget, som Norges nasjonalbibliotekar uttrykte det.