Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stor auke i talet på uføretrygda

ØKONOMI: I slutten av 2018 fekk omtrent 340.000 personar uføretrygd. Det er ein auke på 4,1 prosent gjennom året, som svarer til 13.400 personar. Delen uføre i befolkninga i alderen 18–67 år ligg no på 10 prosent. I desember 2018 var det totalt 339.200 mottakarar av uføretrygd, ifølgje tal frå Nav. Veksten i talet på uføretrygda er høgare enn førre prognose. Den nye prognosen til Nav spår også ytterlegare vekst i talet på uføre i 2019.©NPK