Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Livet

Stadig standhaftig

INKLUDERING

PROFESSOREN: Karen Helle er ein pioner innan fysiologisk kjemi, men engasjementet går langt utover laboratoriet. Då barna var små, tok ho barnepolitiske kampar. I dag slåst ho for eit syrisk legepar som kjempar seg inn i det norske samfunnet.

Dei fleste dagane startar mellom åtte og ni. Karen Helle går ned i førsteetasje der avisene blir levert. Ho tar med seg ein bunke og fordeler dei ferske avisene oppover etasjane. For eigen del er det Bergens Tidende og Klassekampen som høyrer til morgonritualet.

– Det er fantastisk å vera statspensjonist, seier Karen Helle.

Ho har servert oss kaffi og formkake. Både snøen og sola lyser opp Bergen. Vindauga i leilegheita i sjette etasje er store, med utsikt over til Løvstakken og mot Store Lungegårdsvann, Møllendal og Fløen.

85-åringen har alt vore på trening når Klassekampen kjem utpå føremiddagen. Beina svikta for lenge sidan. Ho går ikkje så godt, men to gongar i veka trenar ho pilates.

Ellers fyllest vekene med det eine og hitt. Kanskje er det ein søknad som skal bedømmast eller ei oppgåve som får sin dom av den pensjonerte professoren. I snart 30 år har ho også vore med i Hjertefondet i Bergen. Fondet samlar inn og deler ut pengar til hjarteforsking og teknisk utstyr til hjarteavdelingar.

Den store oppdaginga

Karen Helle er professor emeritus ved Universitetet i Bergen. Ho er ein pioner innan faget sitt. For nokre år sidan blei ho tildelt St. Olavs orden for innsatsen og kan i dag smykka seg med tittelen riddar av fyrste klasse. Ho har skrive tusenvis av forskingssider, fordelt på fleire hundre artiklar og kapittel, publisert i vitskaplege tidsskrift og bøker. Saman med kollegaer ved universitetet i Oxford forska ho på eit protein som blir skilt ut saman med adrenalin, og som har ei rolle når kroppen stressar. Proteinet fekk namnet Chromogranin A, og Helle med fleire kunne visa at dette proteinet blei sett fritt saman med adrenalinet, og at det var ein kontrollert prosess i cella. Etter fleire år med observasjonar kom gjennombrotet ein dag i 1965.

Om denne dagen skilde seg vesentleg frå andre dagar utanom at gjennombrotet var eit faktum, hugsar ho ikkje. Ho var på denne tida småbarnsmor. Året før hadde ho fått ein son. Oppdaginga kom etter fleire års arbeid.

– Eg fekk ein telefon, kanskje var det eit brev. Det blei telegrafert til Japan der sjefen vår var på møte då dette blei oppdaga. Dette var eit viktig bevis som mangla på den tida.

Observasjonane som låg til grunn for gjennombrotet, var gjort på binyremergen til storfe.

– Det gjeld å halda ut, å fortsetta. Ingenting løyser seg med ein gong.

Året på Austlandet

Helle trekk ut ei tjukk, gammal bok frå hylla. 1938 står det skrive med handskrift på ei av dei fyrste sidene.

– Tenk at eg har ho enno.

Kanskje var det denne biografien om Marie Curie, skriven av dottera Ève Curie, som skulle peila Helle inn på eit langt liv på laboratoriet.

«Alle barn skulle ha reist vekk i 14-årsalderen»

KAREN HELLE

Eller kanskje var det naturfaglæraren på pensjonatskulen ho blei sendt til på den andre sida av landet, som vekte ei interesse for forsking.

Gjennom barndommen hadde Helle vore mykje plaga med øyrebetennelse og andre infeksjonar, som seinare skulle behandlast med antibiotika. Det som på den tida heitte andre real, tok ho difor på Hammerseng pensjonatskule på Lillehammer.

– Eitt år i tørr luft på Austlandet skulle gjera underverk, seier ho.

– Korleis var livet på skulen?

– Det var fantastisk. Alle barn skulle ha reist vekk i 14-årsalderen. Det kan eg anbefala. Det var ei heilt utruleg fin oppleving for meg.

Kommunikasjonen heim til Bergen gjekk via Posten.

– Me lærte å skriva brev. Me måtte skriva brev heim kvar søndag.

– Fekk du brev tilbake?

– Ja, foreldre mine måtte også skriva. I dag skriv folk på Facebook.

– Har du breva enno?

– Nokre av dei tok mor mi vare på, men eg har ikkje sett på dei på lenge.

Nye vennskap

Eit innlegg i Klassekampen om digitalisering og Posten, signert Helle, resulterte i eit brev i e-postkassen. Det er to år sidan no og blei starten på fleire nye vennskap.

– Eg fekk eit hyggeleg svar på e-post av ei som var så glad for innlegget mitt. Ho skreiv ho skulle til Bergen i mai og lurte på om ho kunne få helsa på meg. Det kunne ho saktens, fortel Helle, som hadde bite seg merke i namnet hennar og spurte då ho sende e-post i retur om ho ikkje tilfeldigvis kjente ei dame som heitte Torborg Årstad.

– Jo, det var mi farmor, svarte ho. Så ho var tremenningen min.

Den ukjente tremenningen var lege og skulle besøka to syriske legar som no var busette i Bergen. Ho enda med å kopla det syriske legeparet og Karen Helle.

– Eg sa at eg godt kunne trena norsk med dei. Eit heilt år møttest me kvar søndag og snakka norsk, og eg hjelpte dei med norske problem. Eg blei veldig gode vennar med dei. Det er flotte folk.

Ei ny oppdaging

Helle brukte kontaktnettet sitt på Haukeland sjukehus og sette dei i kontakt med dei rette instansane. Etter kvart fekk dei hospitantjobbar.

Ho har følgt det syriske paret sin kronglete veg inn i det norske samfunnet. Det har resultert i nye oppdagingar.

– Krava som blir stilt for innvandrande legar utanfor EU/EØS, er så harde og dyre at det verkar prohibitivt. Det er ganske urimeleg med eit gebyr på 49.000 kroner for ein prøve utan kurs. Dette er folk som ikkje har nåla i veggen, seier ho.

Dei har støtt på fleire hindringa. Ho har sendt brev i aust og vest.

– Blir du sint?

– Eg blir opprørt på deira vegner. Det er ikkje mogleg å komma i kontakt med systemet som behandlar sakene deira her i Bergen. Eg har forsøkt byråden, etatsdirektøren og så vidare. Dei blokkerer seg fullstendig frå å engasjera seg. Saman med tremenningen min har me forsøkt Stortinget. Det er totalt mangel på forståing. Det synst eg er ei svakheit ved forvaltninga, seier ho.

Helle trur det vil komma ei tid for å be om unnskyldning.

– Om 70 år kjem det ein statsminister som må be om unnskyldning for korleis dei har behandla innvandrarane. No ber me om unnskyldning for korleis me har behandla krigsseglarane og kvinnene som gifta seg med tyskarar. Om 70 år får me unnskylda, seier ho.

Inn i politikken

Helle har gjennom heile livet hatt eit engasjement langt utanfor laboratoriet. Då 1960-talet gjekk mot slutten og den yngste sonen var blitt fem, truga kommunen med å legga ned Husmødrenes barnehage, som sonen gjekk i, for å gjera det om til ein tolv timars dagheim. Saman med andre foreldre troppa ho opp hos ordførar Harry Hansen (Ap) for å vende han.

«Om 70 år kjem det ein statsminister som må be om unnskyldning for korleis dei har behandla innvandrarane»

KAREN HELLE

– Han svarte: «Tror dåkkar at eg vil settest til veggs av nåkken husmødrer?».

I ti år kjempa ho for å betra tilboda for småbarn i organisasjonen Små Barns Vel som dei oppretta.

– Kva synst du om barnepolitikken i dag?

– Det synst eg er dårleg. Det er ikkje på barns vilkår. Det er gira for utnytting av arbeidskrafta til foreldre. Barn er blitt avfeia med reduserte leikemoglegheiter på både fritid og skule. Det er eit veldig press. Og eg er forferdeleg imot den reduserte liggetida på Kvinneklinikken. Det er heilt skakande.

Om liggetida var lenger før, var permisjonen kortare. Etter at fyrstemann var født, var Helle tilbake på jobb etter tre månadar.

– Då eg kom tilbake, hadde andre tatt forskingsutstyret mitt. Med barn nummer to var eg berre heime ein månad, for å passa på.

– Korleis klarte du det?

– På den tida var det mogleg å ha hjelp heime. Unge jenter som skulle ha praksis til barnepleien, jobba heime hos folk. Me betalte skatt. Sidan hadde me daghjelp, seier ho.

Ho melde seg inn i Venstre, og blei varamedlem til bystyret, men skilde lag med partiet for tjue år sidan.

Dei miste sin sosiale profil. No vil eg ikkje snakka om det. Vil du ha meir kaffe? Venstre i dag er eit sorgens kapittel, seier ho.

Sat heime

Helle insisterer på at tittelen er professor emeritus, sjølv om mange skriv emerita bak pensjonerte professorar som er kvinner.

– Professor er eit hankjønnsord, derfor skal det bøyast emeritus. Viss ikkje skulle det ha vore professoressa emerita. Det rare er at ein brukar «lærarar» og «professorar». Men når dei blir pensjonistar, må dei henga på eit kjønnsmessig adjektiv. Skriv du emerita, då seier eg opp avisa. – Er du feminist?

– På det planet ja, men eg har aldri gått i 8. mars-tog, for då var det Meltzer-fest på Universitetet.

– Har du møtt motstand som kvinne i akademia?

– Det er veldig vanskeleg å seia kva du møter direkte som kvinne, men du sit der som kvinne i dei fleste mannssamfunn, og ingenting blir godt mottatt før det er gjentatt av ein mann. Det har eg opplevd ofte.

Ut døra tilbyr ho oss ei historie frå eit opphald i Oxford.

– Eg skulle besøka ein professor ved eit anna institutt i Oxford. Han seier, ‘oh, I would like to do something for you’. Dette var i 1962. Så hyggeleg då. ‘May I take your husband to dinner?’ Ikkje meg, men min mann. Eg sat heime, og mannen min måtte gå.