Då Karen Helle skreiv om digitalisering og Posten i avisa, møtte ho ein ukjent tremenning og ein syrisk familie.
Dei fleste dagane startar mellom åtte og ni. Karen Helle går ned i førsteetasje der avisene blir levert. Ho tar med seg ein bunke og fordeler dei ferske avisene oppover etasjane. For eigen del er det Bergens Tidende og Klassekampen som høyrer til morgonritualet.