Torsdag 31. januar. Kristin Helle-Valle er på podiet på Litteraturhuset i Bergen. Det grå håret står som ein storkrusa afrofrisyre kring det smale, blide andletet. Ho har opna vinterfesten og fortalt om alt som skjer på huset den kvelden og det som skal skje dei næraste vekene. Så kjem det:
Kristin Helle-Valle er ferdig med kampen mot bergensforfattarane. No står Oslo for tur.