Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Reise: Teikneserieboka «Kobane Calling» stadfestar at det er grunn til uro.

Den andre sida av elva

Litteratur

Zerocalcare

Kobane Calling

Litteratur

Oversatt av Emma Bakkevik

House of foundation 2018, 270 sider

Snart midtvegs i teikneserie-reportasjeboka «Kobane Calling», teikna og fortalt av italienske Zerocalcare, kryssar teikneserieskaparen Tigris og stig i land i Rojava, ei stripe land inneklemt mellom Tyrkia, Syria og Irak. Endeleg er han og følgjet framme, etter å ha reist halve verda over i fly, buss, og båt, og i sitt stille sinn tenkjer han det fleire reisande har tenkt før han: Korleis kan alt vere så likt på den andre sida av elva, men likevel så annleis?