Zerocalcare
Kobane Calling
Litteratur
Oversatt av Emma Bakkevik
House of foundation 2018, 270 sider
Snart midtvegs i teikneserie-reportasjeboka «Kobane Calling», teikna og fortalt av italienske Zerocalcare, kryssar teikneserieskaparen Tigris og stig i land i Rojava, ei stripe land inneklemt mellom Tyrkia, Syria og Irak. Endeleg er han og følgjet framme, etter å ha reist halve verda over i fly, buss, og båt, og i sitt stille sinn tenkjer han det fleire reisande har tenkt før han: Korleis kan alt vere så likt på den andre sida av elva, men likevel så annleis?