Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er duka for valkamp etter opptøyane som skaka Tyskland.

Slagmark i Sachsen

Det første som møtte meg då eg gjekk av togstasjonen i Chemnitz ein kald desemberdag i fjor, var synet av ein ung gut som dytta ei ung jente hardt opp mot husveggen. Han var truande og ropte sinte ord til henne. Ho gråt. Kanskje var dei kjærastar. Då eg spurte på dårleg tysk om alt gjekk bra her, bad han meg pella meg vekk. Eg følgde oppmodinga, skamfull over å ikkje tora bryta opp i noko som ikkje er greitt, av frykt og omsyn til privatlivets fred.