Før vi begynte å sveipe oss til senebetennelse på smarttelefonane våre, bladde vi i kontaktannonsar.
Farmor drog på dans på grendehuset og gifta seg med den ivrige guten på nabogarden som hadde komme heim etter fleire år til sjøs. Mormor gifta seg med broren til ei studievenninne, dei møttest då ho var med venninna på familiebesøk.