Du kan bla til neste sideBla med piltastene

DATING

Einsam fjøsgut søker sexy jente

TRADISJONELT: Før sprang par ut av lokale tilstellingar, ifølge sosiolog Tone Schou Wetlesen. Seinare har kjærleiken funne nye vegar, via kontaktannonsar til profilar på nett. FOTO: PIERRE-AUGUSTE RENOIR, «ROERNES FROKOST» (1880–1881), THE PHILLIPS COLLECTION

Før vi begynte å sveipe oss til senebetennelse på smarttelefonane våre, bladde vi i kontaktannonsar.

Farmor drog på dans på grendehuset og gifta seg med den ivrige guten på nabogarden som hadde komme heim etter fleire år til sjøs. Mormor gifta seg med broren til ei studievenninne, dei møttest då ho var med venninna på familiebesøk.