Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I «The House That Jack Built» reiser Lars von Trier ned i underverda, for aldri å koma tilbake?

Nedstiging i helvete

KUNSTNAREN SOM PSYKOPAT: Matt Dillon spelar tittelpersonen, ein seriemordar med kunstnarambisjonar, i Lars von Triers svært ujamne film «The House That Jack Built». FOTO: NFD

Bruk av grafisk vald som metafor blir fort eit sjølvskot.

(USA, 2018)

Regi: Lars von Trier.

Manus: Lars von Trier, Jenle Hallund.

Med: Matt Dillon, Bruno Ganz, Uma Thurman, Sofie Gråbøl, Riley Keough, Siobhan Fallon Hogan.

Lengde: 2 t. 32 min.

«Eg ville bli arkitekt, men eg vart ingeniør», vedkjenner tittelpersonen Jack (Matt Dillon). I dei orda kan vi også høyra filmskaparen sitt eige vemod over at ambisjonen om å bli kunstnar munna ut i handverk. Jack og «The House That Jack Built» er Lars von Triers nådelause dom over seg sjølv og sitt eige livsverk, men dansken er også – i endå større grad enn før – uforsonleg i sitt møte med sjåaren.