Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eat-rapporten forenklar og provoserer, og er eit teikn i tida.

Frå trend til skifte

Mange kjendisar snakkar om å ete mindre kjøt. Det kan fort vera eit blaff som går over, seier saue- og ammekubonden Per Ravndal i Førde til NRK. Han produserer raudt kjøt, maten som i somme kretsar blir stigmatisert på line med røyking. Det vil framleis vera marknad for kvalitetsmat basert på det saftige graset i Sunnfjord, men Ravndal og yrkesbrørne hans bør innstille seg på at kampanjen mot kjøt ikkje er eit blaff som går over.