FALLITT: Selskapet Top-Toy, som eig leiketøyskjedene Toys R Us og BR-leker, er slått konkurs. Dermed mistar over 300 norske butikktilsette jobbane sine. Selskapet vart slått konkurs etter krav frå styret, og kjem etter eit svakt julesal, opplyser selskapet i ei pressemelding. Top-Toys administrerande direktør Per Sigvardsson fortel at dei på grunn av det sviktande julesalet var nøydde til å innsjå at dei ikkje lenger er i stand til å halde fram. Ifølgje selskapet er bakgrunnen for den alvorlege situasjonen for Top-Toys auka digitalisering, fleire konkurrentar og endra leikevanar. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Kontant
Dagboka
- ■ For å sleppe å lage nok ei årsoppsummering, vil denne spalta minne om det mytiske dramaet då Einar Gerhardsen tok sitt oppgjer med partisekretæren Haakon Lie for meir enn 50 år sidan. Aftenposten stilte nyss følgande spørsmål i ein quiz: «En grusom replikk skal ha falt på Aps landsmøte i 1967: ‘Jeg skal knekke deg som ei lus’. Hvem skal ha sagt det – til hvem»?