Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Leiketøygigant er konkurs

FALLITT: Selskapet Top-Toy, som eig leiketøyskjedene Toys R Us og BR-leker, er slått konkurs. Dermed mistar over 300 norske butikktilsette jobbane sine. Selskapet vart slått konkurs etter krav frå styret, og kjem etter eit svakt julesal, opplyser selskapet i ei pressemelding. Top-Toys administrerande direktør Per Sigvardsson fortel at dei på grunn av det sviktande julesalet var nøydde til å innsjå at dei ikkje lenger er i stand til å halde fram. Ifølgje selskapet er bakgrunnen for den alvorlege situasjonen for Top-Toys auka digitalisering, fleire konkurrentar og endra leikevanar. ©NPK