Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ein umusikalsk russisk statsleiar gjer hiphop farleg igjen.

Moral og musikk

Hiphopen kom til bygda mi i ein gong på 1990-talet. Kjøpmannen på nærbutikken hadde heldigvis gode kontaktar med ei musikksjappe eit stykke unna. Slik kunne eg få tak i musikalsk avveksling frå dei endelause Metallica-platene som brørne mine spela igjen og igjen. Eg hugsar gleda då platene kom. Det første eg gjorde, før den obligatoriske saumfaringa av coverheftet, var å sjå etter ein svart og kvit etikett. Der stod det «Parental Advisory: Explicit Content».