Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva for ord er verd å hugse frå 2018?

Remis, repetisjon

LES REMISÉRABLES: Carlsen & Caruana.

Året har lært oss at det går an å kalla ein terminal, ein kai, eventuelt eit tankskip som ligg ved kai, for et stasjonert objekt. Og året har lært oss at ein superteknologisk fregatt med befal på brua ikkje greier å oppfatta at dei går beint på eit tankskip. Ein tiåring på dekk med vanleg nattsyn hadde sett det. Fregatt kjem frå fransk, frégate, men fanst før det i italiensk som fregata/fragata. Opphavet ligg i latin der det var ein rask båt med låg baug. Verbet fragere (i slekt med vårt substantiv fraksjon!) tyder mellom anna å kutta. Båten kosta over fire milliardar, og skandalen går garantert vidare i 2019.

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.