Alle fortener ein ny sjanse. Feiler du på første forsøk, betyr ikkje det at du ikkje skal få prøva ein gong til. Den kunnskapen har Oslo Høgre foredla til det ypparste. To år etter at eit privat selskap braut det som var av arbeidsmiljølov utan ein gong å klara å henta søpla i tide, vil partiet igjen privatisera renovasjonstenestene. Det kan jo gå bra denne gongen.