Ordet advent er det ‘tilkomande’ og peikar fram mot jula, årets store høgtid. Ikkje for å vera respektlaus, men i advent kan det vera på sin plass å skriva om banning. For å letta på skuldkjensla til dei som slepper ut litt over snittet sterke ord i mørke stunder. For ta det med ro; truleg er banning, som språkbruk, like gamalt som språket sjølv. Det er funne banning i tre tusen år gamle hieroglyf-tekstar. Dessutan er banning absolutt eit interessant fenomen; me har ulike bannekulturar på jorda. Ta bloody you! På norsk fungerer ‘blodig’ slett ikkje som oversetting; me må seia noko slikt som jævla idiot.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.