Den 1. desember har Island vore sjølvstendig stat i hundre år. Ved slike høve bruker det ikkje å skorta på skryt, og det temaheftet som kom med Klassekampen no på onsdag, var fullt av godord om historie og kultur. Likevel blei det ikkje gjort noko forsøk på å forklara korleis den islandske sagalitteraturen blei produsert reint fysisk, endå så eineståande han er, ikkje berre i Norden, men òg på verdsbasis.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.