Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Omstridde konsesjonar i nye utbyggingsområde fører til kommunal motstand mot vindkraft:

Vindkraft møter motvind

BLES OPP TIL STORM: Grunneigarar Jacob Rutledal og Wenche Irene Midthun er to av mange grunneigar i Gulen som ikkje vil ha vindkraftverk på eigedomen. Gunnar Wiederstrøm

SEIER NEI: NVE kartlegg nye utbyggingsområde, men kommunar landet over vender tommelen ned for vindkraft. Dei vil styre sjølve.

Vi går langs Råsetjørna nedanfor Dalsbotnfjellet i Gulen. På fjellryggen nord for oss har Zephyr AS planlagd åtte vindturbinar, 130–160 meter høge. Mellom dei skal anleggsvegar sprenge seg fram gjennom fjellrabbar og over myrer. I alt er det planlagd over 35 vindturbinar og 40 kilometer med veg i den 20 kvadratkilometer urørte villmarka på sørsida av Sognefjorden.