KRITISK: Frå tysdag blir 23 sjukepleiarar på Austevoll stengt ute frå jobben. Då må etter alt å dømma regjeringa gripa inn med tvungen lønnsnemnd.
– Då eg såg varselet om lockout, blei eg sjokkert. Eg trudde ikkje det ville skje. Eg blei arg og tenkte at det arbeidsgivar no gjer er å ta frå meg streikeretten, seier Hilde Elisabeth Klepsvik, sjukepleiar og tillitsvald ved Sund sjukeheim på Austevoll.