Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lenke av stemmer

VEV AV RØYSTER: «Alt jeg ikke husker». FOTO: JOHANNES L. F. SUNDE Johannes Laukeland Fester Sunde

Khemiris roman blir tett forteljarteater.

Trøndelag Teater, Studioscena

Etter ein roman av Jonas H. Khemiri

Omsett av Andreas E. Østby

Dramatisert av Kristofer B. Grønskag

Regi: Maren E. Bjørseth

Scenografi og kostyme: Katrin Bombe

Med: Vetle Bergan, Kenneth Homstad, Ragne Grande, Hans Petter Nilsen, Janne Kokkin og Ida Cecilie Klem

Den 26 år gamle Samuel (Bergan) har køyrd seg i hel, og attende står dei næraste og lurer: Var det ei ulukke, eller gjorde han det med vilje? Ein forfattar (Nilsen) tek tak i historia, like mye av eigenterapi etter å ha mista ein god ven, og intervjuar dei næraste for eit bokprosjekt. Slik nøstar den svenske forfattaren Jonas Hassen Khemiri opp ei historie som syner seg å ha langt fleire fasettar enn ein skulle tru, og der dei ulike stemmene etter kvart gir oss eit bilde av historia, men neppe heile sanninga. Med veven av røyster fortel Khemiri oss om åtferd, kjærleik, sjalusi og svik.