Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Melding

Tøffe chicagokvinner

Historia passar betre til serieformat, men den politiske USA-kritikken er sylskarp.

FRÅ HEIMEFRUE TIL BANDELEIAR: Veronica (Viola Davis) rekrutterer Belle (Cynthia Erivo) i den sosialt skarpsynte «Widows». FOTO: 20TH CENTURY FOX Merrick Morton

(USA, 2018)

Regi: Steve McQueen.

Manus: Steve McQueen og Gillian Flynn etter Lynda La Plantes tv-manus.

Med: Viola Davis, Michelle Rodriguez, Elizabeth Debicki, Cynthia Erivo, Liam Neeson, Colin Farrell, Daniel Kaluuya, Robert Duvall, Brian Tyree Henry.

Lengde: 2 t. 9 min.

Då det vart klart at Steve McQueen skulle laga spelefilm av den britiske tv-serien «Enkene», var det vanskeleg å halda forventingane på eit nøkternt nivå. Særleg sidan regissøren bak «Hunger», «Shame» og «12 Years A Slave» grunngav prosjektet med at serien hadde gjort uutsletteleg inntrykk på han i ungdommen. Det var lett å kjenna seg att i. Kva kunne sameina ein urban, svart, London-gut og ei kvit, norsk, bygdejente? Ein svært spanande ranskrim med kompliserte kupp-planar, løgnaktige roller og stadig overraskande vendingar? Opplagt. Men kanskje også det uvanlege synet av usynleggjorde menneske, som bryt gjennom avmakt og stiller seg sjølve i sentrum for eigne liv.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?