Tøffe chicagokvinner
Historia passar betre til serieformat, men den politiske USA-kritikken er sylskarp.

(USA, 2018)
Regi: Steve McQueen.
Manus: Steve McQueen og Gillian Flynn etter Lynda La Plantes tv-manus.
Med: Viola Davis, Michelle Rodriguez, Elizabeth Debicki, Cynthia Erivo, Liam Neeson, Colin Farrell, Daniel Kaluuya, Robert Duvall, Brian Tyree Henry.
Lengde: 2 t. 9 min.
Då det vart klart at Steve McQueen skulle laga spelefilm av den britiske tv-serien «Enkene», var det vanskeleg å halda forventingane på eit nøkternt nivå. Særleg sidan regissøren bak «Hunger», «Shame» og «12 Years A Slave» grunngav prosjektet med at serien hadde gjort uutsletteleg inntrykk på han i ungdommen. Det var lett å kjenna seg att i. Kva kunne sameina ein urban, svart, London-gut og ei kvit, norsk, bygdejente? Ein svært spanande ranskrim med kompliserte kupp-planar, løgnaktige roller og stadig overraskande vendingar? Opplagt. Men kanskje også det uvanlege synet av usynleggjorde menneske, som bryt gjennom avmakt og stiller seg sjølve i sentrum for eigne liv.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent