Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Er det berre nazismen som kan fortelja oss kor blind autoritet endar?

Opportunisten

HEDONISME OG ANGST: Alt går over stag i leiren for tyske desertørar. Max Hubacher som «Kapteinen», sitjande midt i bildet. FOTO: MANY MORE FILMS

Dødeleg lydnad for uniformsautoritet.

(Tyskland, 2017)

Regi og manus: Robert Schwentke.

Med: Max Hubacher, Milan Peschel, Frederick Lau, Bernd Hölscher, Waldemar Kobus.

Lengde: 1 t. 59 min.

Eit par veker før krigsslutt i 1945 er både statsmakta i Det tredje riket og den tyske hæren i full oppløysing, medan soldatane er på retrett over eiga jord. Desertørar streifar rundt i bandar og har vendt våpena mot tyske bønder for å krevja deira spiskammer og øltønner.