Dødeleg lydnad for uniformsautoritet.
(Tyskland, 2017)
Regi og manus: Robert Schwentke.
Med: Max Hubacher, Milan Peschel, Frederick Lau, Bernd Hölscher, Waldemar Kobus.
Lengde: 1 t. 59 min.
Eit par veker før krigsslutt i 1945 er både statsmakta i Det tredje riket og den tyske hæren i full oppløysing, medan soldatane er på retrett over eiga jord. Desertørar streifar rundt i bandar og har vendt våpena mot tyske bønder for å krevja deira spiskammer og øltønner.