PARAGRAF 2c: Eit kristeleg parti som vil avskaffa heile abortlova, teiknar eit dystert bilde av eit iskaldt sorteringssamfunn. Bør me lytta til uroa deira?
Det bles opp til ny strid om abortlova, og denne gongen gjeld det, i alle fall tilsynelatande, foster med Downs syndrom. KrF-kronprins Kjell Ingolf Ropstad har sett endring av abortlova som ei av dei viktigaste krava i regjeringsforhandlingane. Han vil fjerna paragraf 2c i lova, også omtala som downsparagrafen. Denne paragrafen opnar for abort etter tolvte svangerskapsveke om det er stor fare for alvorleg sjukdom.