Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fedje

  • Det var i 2003 ein tysk ubåt blei oppdaga utanfor øya Fedje på Vestlandet. Med over 60 tonn kvikksølv om bord utgjer ubåtvraket ein stor trussel for havmiljøet rundt og er ei mare for folket som bur i havgapet. Sidan U-864 blei oppdaga, har folket på Fedje slåst for å bli kvitt vraket som ligg på 150 meters djup. Den raudgrøne regjeringa gjekk i 2009 inn for heving, men i 2014 gjekk Kystverket inn for å la båten ligga.