VEGVAL: KrFs Seniorutval støttar vegvalet til partileiar Knut Arild Hareide om å søkja samarbeid med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. – Vi føreset at vegvalet er strategisk og at målet er gjennomslag for politikken til KrF, ikkje noko endring av ideologi eller verdisyn, seier leiar for seniorutvalet Kristian Helland til NTB. Seniorutvalet held fast på at KrF utfordrar blokkdelinga i norsk politikk. – Vi i seniorutvalet er klassiske, tradisjonelle KrF-arar. I spørsmålet om vegval har vi teke utgangspunkt i fellesskapsløysingar. Vi meiner at grunnleggjande tenester som eldreomsorg og helsetenester ikkje eignar seg for anbod og konkurranseutsetjing, seier Helland.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Slakteren
Dagboka
- Norsk Vegansamfunn mener vi skal slutte å synge sanger som kan gi barna et falskt inntrykk av at det er greit å ta ting fra dyr, som melk og ull. Derfor vil leder og grunnlegger av Facebook-gruppa Veganpreik, Samuel Rostøl, ifølge NRK at barnehagene skal slutte med både «Kua mi jeg takker deg» og «Bæ bæ lille lam».