Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Komikar overraskar

Amerikanaren Peter Farrelly er mest kjend for dei frekke og «naive» 1990-talskomediane han laga saman med broren Bobby Farrelly, som «Dum & Dummere» (1994) og «Alle elsker Mary» (1998). Han overraska alle med borgarrettsdramaet «Green Book», som nyleg vann den viktige publikumsprisen ved Toronto Film Festival. Filmen er ein slags omvendt «Driving Miss Daisy» med Viggo Mortensen som turnésjåfør gjennom sørstatane for ein musikar spela av Mahershala Ali.